Økonomi og administrasjon

Bachelor Hausten 2020

Økonomi og administrasjon er ei allsidig utdanning som gir deg ei god innføring i bedriftsøkonomi, rekneskap og samfunnsøkonomi.

I tillegg til typiske økonomifag, har du også fag som organisasjon, marknadsføring, strategi og samfunnsansvar.

Det faglege innhaldet er sett saman av

  • bedriftsøkonomisk analyse
  • administrative fag
  • samfunnsøkonomiske fag
  • metodefag
  • etikk, samfunnsansvar og berekraft

Det siste året kan du fordjupe deg innan administrasjon, leiing, innovasjon, marknadsføring, logistikk, rekneskap, skatt eller samfunnsøkonomi. Du skriv også ei gruppebasert bacheloroppgåve.

Undervisningsmåtar

Studiet er basert på forelesingar, rettleiing, sjølvstudium og gruppearbeid. Vi har også bedriftsbesøk og gjesteforelesingar.

I emne der det er krav om forprøvar (innleveringar eller øvingar på datalab), må desse vere godkjende for at du skal få gå opp til eksamen.

Vil du studere meir?

Utdanninga kvalifiserer både direkte til arbeidslivet og til vidare studium på masternivå. Du kan ta relevante masterutdanningar ved HVL (for eksempel master i innovasjon og leiing eller master of science in business) eller ved andre utdanningsinstitusjonar i Noreg og i utlandet.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for eit utvekslingsopphald i 4. semester. (Endringar i lista kan førekome.)

Kor kan du reise?

Australia | Queensland University of Technology

Australia | Victoria University

Australia | University of the Sunshine Coast

Australia | James Cook University

Australia | Griffith University

Belgia | Haute École de la Province de Liège

Belgia | Haute Ecole 'EPHEC' - Branch: Institut supérieur des 'Aumôniers du Travail'

Belgia | Artevelde University of Applied Sciences

Brasil | University of the Valley of Itajaí

Canada | Trent University

Finland | Seinäjoki Polytechnic

Finland | Satakunta Polytechnic

Frankrike | IDRAC International School of Management

Italia | University of Padua

Japan | Kansai University

Latvia | ISMA Graduate School

Litauen | Alytus College

New Zealand | The University of Waikato

Polen | Academy of Business in Dąbrowa Górnicza

Polen | Higher School of Banking, Gdansk

Polen | Jan Kochanowski University in Kielce

Russland | Admiral Makarov State University of Maritime and Inland Shipping

Slovenia | University of Primorska

Spania | University of Huelva

Storbritannia og Nord-Irland | University of Strathclyde

Storbritannia og Nord-Irland | University of Manchester

Sør-Korea | Myongji University

Tyskland | Fachhochschule Ingolstadt

Tyskland | University of Applied Sciences Emden/Leer

Ukraina | Petro Mohyla Black Sea National University

USA | Pacific Lutheran University

USA | State University of New York-College at Old Westbury

USA | Augustana University

USA | San Diego State University

USA | California State University Monterey Bay

USA | Western Washington University

USA | Indiana University of Pennsylvania

USA | University of California, Berkeley

USA | University of New Haven

USA | Augsburg University